Hovudside

Målprisen

Bøker
Odda i manns minne
Skulemålsfaldaren
Styret
Årsmeldingar
Rekneskap
Peikarar
Meld deg inn
Kontakt oss

Sida vart sist oppdatert
10.03.2009


 

 

Noregs mållag

Tal dialekt - skriv nynorsk! Stø målsaka med ditt medlemskap!
Målprisen 2008 til:
Skare ungdomslag

Skare Ungdomslag har i 95 år vore  ei samlande kraft i bygda. I ungdomslaget har  generasjon etter generasjon av ungdom og vaksne teke del i foredrag, diskusjonar, arbeid med lagsblad, amatørteater, dans og fest. I dette kulturarbeidet har nynorsk mål vore  og er ein naturleg del, skriv Mållaget i ei pressemelding.

Skare Ungdomslag har vist vilje og evne til å engasjera mange i bygda. I dei siste 30-40 åra har Skarekrinsen endra seg frå eit bygdesamfunn til å vera dominert av eit stort byggefelt med mange innflyttarar der dei fleste arbeider i Odda. Krinsen er i dag inne i ei positiv utvikling. For dei som har flytt til bygda, har ungdomslaget også vorte ein møtestad og eit kulturtilbod.

Les meir
24.02.2009
Gratis rådgivingsteneste
Odda Mållag tilbyr no firma, organisasjonar og enkeltpersonar hjelp til å skriva god nynorsk. Tenesta er gratis.
Vi har kompetente folk til å gi råd når det gjeld utforming av reklame, skriv, skjema, rapportar m.v.

Særleg legg vi vekt på rettskriving og ordval. Vi vil og hjelpa til med å finna gode norske ord i staden for engelske ord. Dette er ein kulturinnsats som alle kan vera med på - også næringslivet!

Mållaget har postadresse: Boks 342, 5751 Odda, tlf. 53 64 22 38.
Bruk helst e-post: harrybs@c2h.no
Målprisen 2006 til:
Hardangernett

Hardangernett er eit lokalt breibandselskap som har rokke å verta 5 år. Selskapet er ikkje nokon tung aktør i marknaden, men lokalt har det opparbeidd seg ein ikkje uvesentleg posisjon.

Selskapet kan i dag tilby breibandtenester til 95 % av Odda kommune sine innbyggjarar. Selskapet har ikkje nokon offisiell språkpolitikk som å vera for bokmål og mot nynorsk eller omvendt.
Les meir

19.11.2007

Rørande nynorsk kulturkveld
I samband med Noregs Mållag sitt 100 års jubileum skipa Ullensvang og Odda Mållag til ein flott kulturkveld i Odda kino søndag. Direktør for Språkrådet, Sylfest Lomheim, var programleiar og fortalte m.a. om opphavet til ulike namn og ord.
Les meir

31.10.2006
Norvald Vethe
Vandring i gammal og ny tid
Veg- og stadnamn i Odda kommune
"Vandring i gammal og ny tid - Veg- og stadnamn i Odda kommune" skal ta lesaren med på ei reise i tid og rom i Odda kommune, og vera ei kjelde til glede og kunnskap. Kring utgangspunktet: Veg- og gatenamna med tilhøyrande kartverk - spinn forfattaren ein rik og variert vevnad.

Antal sider: 282
Pris: kr 250