| |
 |
|
|
Sida vart sist
oppdatert
28.06.2007
|
|
|
|
Noregs mållag |
 |
|
Tal dialekt - skriv nynorsk! Stø målsaka med ditt medlemskap! |
|
|
|
|
Årsmelding 1999

Styret
| Leiar: |
Knut O. Dale |
(vald i 1998) |
| |
|
|
| Styremedlemar: |
Maria Digranes |
(vald i 1998) |
| |
Harald Jordal |
(vald i 1998) |
| |
Harry Solberg |
(vald i 1999) - skrivar |
| |
Marita Vårdal |
(vald i 1999) - kasserar |
| |
|
|
| Varafolk |
Jorid Ystanes |
|
| |
Turid Asting Solberg |
|
| |
Brita Langva |
|
| |
Marit Mannsåker |
|
(Leiaren og varafolka står på val kvart år medan styremedlemane står på val annankvart år.)
Talet på styremøte: 9.
Årsmøtet
Årsmøtet vart halde på Bokkotunet 7.3.99.
Frå fylkesstyret deltok Oddbjørn Haugen og Oddvar Skre.
Oddbjørn Haugen innleidde om datateknologi og nynorsk.
Amund Mage tok for seg emnet: Nynorsk i møte med det moderne samfunnet.
Årsmøtet valde Gerd K. Hereide til revisor og i valnemnd kom Anna Bringedal, Hildegunn Vikne Knutsen og Norvald Vethe.
Medlemstalet
I 1999 hadde laget 139 medlemar. Det er ein framgang på 8 i høve til 1998. 14 av medlemane er nye.
Vandring i gammal og ny tid
Med undertittel: Veg- og stadnamn i Odda kommune. Boka er forfatta av Norvald Vethe og kom ut i oktober 1999 i eit opplag på 2000. Med i boknemnda var Johannes Borge, Kristin Digranes, Knut O. Dale, Ingrid Fossåen og Tor Henrik Mannsåker.
Takka vere støtte frå Haldor O. Opedal sitt fond for ålmennyttige føremål, Sparebanken Vest 1 - Odda, Sparebanken Hardanger, Gjensidige Vest Odda, men fyrst og fremst Odda kommune som støtta utgjevinga med 100 000 kr (tilskot og bokkjøp), kunne boka seljast for 250 kr. Om me ser på innhaldet i boka, storleiken på boka og trykk-kvaliteten, må det vera rett å seia at det vart ei rimeleg bok.
Odda Trykkeri AS produserte boka, og dette arbeidet gjorde dei på ein framifrå måte.
Rekninga for prenting og innbinding var om lag 320 000 kr. Likevel var økonomien i balanse ved nyttårsskiftet takka vere eit godt sal, god marknadsføring, svært bra presseomtale og ei stor inteesse for boka i lokalsamfunnet.
På lanseringskvelden på Odda bibliotek var det så stuvande fullt at me måtte stengja dørene. Den kvelden vart det selt bøker for 28 000 kr.
Bokhandlar Ola O. Hagen har så langt selt kring 700 bøker, og mållaget har i år som tidlegare år hatt eit godt samarbeid med han. M.a. har me delt på annonsekostnadene. Ein laurdag sat forfattaren og signerte boka i forretninga til Ola O. Hagen.
Pressa var svært velvillig med rosande omtalar i Bergens Tidende, Haugesunds Avis, Hordaland og sist - men ikkje minst - Hardanger Folkeblad.
Odda Mållag avvikla ei "Bort i natta sending" i Radio Følgefonn 10.12.99. Programleiarar var
Øystein Kambestad og Harald Jordal ("Øystein og eg.."). Med på programmet var Norvald
Vethe og gjester.
Boka fekk momsfritak etter søknad.
Vestnorsk Industristadmuseum ved Marit Mannsåker fann fram historiske bilete til boka og Rolf-Atle Rolfsnes ytte utgjevaren datateknisk rettleiing. Odda kommune ved teknisk sektor og Bergens Tidende stilte kart til rådvelde, slik at boka fekk ein informativ kartdel som dekkjer heile kommunen.
Styret er overtydd om at boka vil selja jamt også i tida som kjem, noko som salet hjå Ola O. Hagen etter nyttår også viser. I ettertid ser me at det var ei rett vurdering å ha eit så stort opplag som 2000.
Skulemålet
Framfor innskrivinga i 1999 vart faldaren "Kva skulemål skal vi velja til 1.klassingen?" sendt ut til alle husstandane som soknar til Odda barneskole. 59,67 % av borna i grunnskulen i Odda har no opplæring på nynorsk. Siste året gjekk nynorskprosenten fram med over 2%.
Tilskipingar
Islandskveld 29.4.99
Lektor Toril Hjartåker Hauge og professor Magnus Stefansson fortalde om islandsk mål og kultur.
Møtet var særs vellukka og samla meir enn 50 menneske. Me fekk servert velsmakande islandsk mat laga av islendingane på Tyssedal Hotell. Anna Bringedal og Kristin Digranes var ansvarlege for møtet. Tilskipinga var lagd til Odda bibliotek, og biblioteket var medarrangør.
Føredraget til Toril Hjartåker Hauge er lagt ut på heimesida vår i verdsveven.
Møte der boka "Vandring i gammal og ny tid" vart presentert
21.10. var over hundre menneske samla på Odda bibliotek for å høyra Norvald Vethe presentera boka si. Inge L. Reinsnos viste ljosbilete frå Allmannavegen.
14.12. var Inge L. Reinsnos og Norvald Vethe i Røldal der dei presenterte boka på same måten som i Odda. Også i Røldal var tilskipinga eit samarbeidstiltak med biblioteket.
Utsendingar på mote
På årsmøtet i Hordaland Mållag 17. og 18. april deltok Jorid Ystanes og Marita Vardal. Møtet vart halde på Osterøy.
Noregs Mållag hadde årsmøtet sitt i Florø 29.7.- 1.8.
Utsendingar frå Odda Mållag var Harald Jordal, Marit Mannsåker og Jorid Ystanes.
Heimeside på internett
Odda Mållag har fått seg heimeside.
Nikolas van Etten har utforma sidene som kunnige folk har rosa.
Avtalen med Odda ungdomslag - kontor- og lagerplass
Avtalen med Odda ungdomslag gjekk ut i 1998. Styret drøfta om avtalen skulle fornyast, men kom til at det ikkje var føremålstenleg å leiga lokala i Ungdomshallen lenger.
Lagerplass for bøker
Restopplaget av namneboka "Gudlabadne" og Vethe-boka (Vandring i gammal og ny tid) er lagra på Odda rådhus.
Målprisen for 1998
Hardanger Folkeblad fekk prisen. Prisen var ei påskjøning til redaktøren og redaksjonen for god vilje til å bruka nynorsk.
Påskjøningar
Indre Hardanger Industri gav ut eit flygeblad på nynorsk. Som ei påskjøning fekk verksemda ein blom.
Mållagsprisen til dugande nynorskelev på Odda vidaregåande skule gjekk til Erlend Trones. Prisen er på 1000 kr.
Brevskifte med politimeisteren i Hardanger
Odda Mållag sende brev til politimeisteren i Hardanger der det vart påtalt at han braut mållova når han annonserte på bokmål. I svarbrevet gjer han sjølvkritikk og bed om grid.
Møte med Odda vidaregåande skule
25.3.99 hadde mållaga i Odda og Ullensvang møte med administrasjonen på Odda Vidaregåande skule. Frå mållaga møtte Torolv Hesthamar (Ullensvang Mållag) og Knut O. Dale (Odda Mållag).
På møtet vart m.a. målbruken i undervisninga teken opp. Likeeins var målbruken på prøvar eit tema på møtet. Andre saker på møtet var læremiddelsituasjonen og målbruken i administrasjonen.
Møte med Odda kommune
Møtet vart halde 4.2.99. Frå Odda Mållag møtte Ingvild Jøsendal og Knut O. Dale. Møtet er omtala i årsmeldinga for 1998.
Etterord:
Som årsmeldinga syner har laget oppnådd god kontakt med lokalsamfunnet sitt med stor oppslutning med dei aktivitetar og tiltak som er skipa til.
Odda Mållag vil nytta høvet til å takka alle som har vore med og teke eit tak i året 1999 til beste for målsak og byggjande arbeid i regi av laget. Særleg vil me takka Norvald Vethe for det storarbeidet med boka "Vandring i gammal og ny tid".
Styret har ei kjensle av at målsaka i Odda er i medvind og at det er gjort gagns arbeid i året som gjekk. Det er såleis med tru på framtida at laget rundar tusenårsskiftet.
Og elles er arbeidet med eit nytt nummer av "Odda i manns minne" kome godt i gang...
|
| |
| |
|
|
|