Hovudside

Målprisen

Bøker
Odda i manns minne
Skulemålsfaldaren
Styret
Årsmeldingar
Rekneskap
Peikarar
Meld deg inn
Kontakt oss

Sida vart sist oppdatert
10.03.2009


 

 

Noregs mållag

Tal dialekt - skriv nynorsk! Stø målsaka med ditt medlemskap!
Målprisen 1999

Målprisen 1999, eit trykk laga av Ragnar Grønsdal, går til journalist Marit Eikemo. Ho er fødd og oppvaksen i Odda.
Som elev i grunnskulen hadde no nynorsk som hovudmål.
På vidaregåande "konverterte" ho, men etter ei tid som student i Bergen fann ho ut at ho uttrykte seg betre på nynorsk.
At ho uttrykkjer seg godt har ho vist m.a. i "Studvest" - ei avis av og for studentar ved universitetet i Bergen, som journalist i Bergens Tidende og som redaktør i Bergens Tidende sitt kulturmagasin tidogsted, i boka "Her, no. Møte med unge menneske" og i stoff som vert levert frå firmaet "Camera - tekst og bilder" til norsk vekepress og kulturmagasin. I "Camera…" er ho både medarbeidar og medeigar.

Marit Eikemo vender seg til ungdom i mykje av det ho skriv.
Boka ho vart landskjent med (i alle fall utanom Odda) sist haust "Her, no. Møte med unge menneske" vart svært godt motteken både i denne og andre målgrupper. Ho fekk brei omtale og strålande kritikkar m.a. i Aftenposten, Dagbladet, VG og Dagens Næringsliv - i tillegg til Hardanger Folkeblad.
Ei ikkje uvesentleg profilering av Odda!

I boka vert tankar, kjensler, meiningar og draumar til ungdom i alderen 15 - 20 år frå ulike miljø formidla på ein moderne og vellukka måte.

At dette er skrive på god nynorsk med ungdommeleg ordtilfang og uttrykksmåte gjev viktige signal til lesaren og uttrykkjer eit aktivt kulturpolitisk val.
Kanskje er dette særleg viktig innanfor preg-journalistikken som søker å ta både tida og intervjuobjektet på pulsen og der forma må vera trendi og visuell.
At Marit Eikemo bruka nynorsk i sine rapportar frå dei daglege slagmarkene er noko vi set overmåte pris på.
Såleis er ho eit førebilete for andre unge menneske.
Så sjølv om ho fekk høfleg nei då ho ein gong søkte om sommarjobb i Hardanger Folkeblad fyrst på 90-talet, meiner Odda Mållag at ho har gjort seg vel fortent til Målprisen 1999.

Det er ikkje likagyldig -
at det er.
Slik er det.


Årsmøtet i Odda Mållag 05.03.2000